Øyar i Firth of Clyde
From Wikipedia, the free encyclopedia
Øyane i Firth of Clyde er den femte største øygruppa i Skottland etter Indre og Ytre Hebridane, Orknøyane og Shetlandsøyane. Øyane ligg i Firth of Clyde mellom Ayrshire og Argyll. Det er om lag 40 øyar og skjer og berre seks av desse er busette. Den største og mest folkerike er Arran.
Definisjonen av ei øy i denne lista er dei er omgjevne av sjøvatn det meste av tida, men ikkje nødvendigvis ved lågvatn, og dei vert òg rekna som øyar om dei er landfaste med bruer eller vegfyllingar. I motsetnad til dei fire større skotske øygruppene, har ingen av øyane i denne gruppa brusamband.
Geologien i området er komplekst og øyane har kvar sine eigne kjenneteikn. Highland Boundary-forkastinga går forbi Bute og gjennom den nordlege delen av Arran, så frå eit geologisk perspektiv er somme av desse øyane ein del av Det skotske høglandet og somme i Det sentrale låglandet.[1] Som med resten av Skottland var Firth of Clyde dekt av isbrear under dei siste istiden og landskapet er derfor forma deretter.[2]
Dei fleste øyane utgjorde tidlegare det tradisjonelle grevskapet Bute. I dag er øyane delt meir eller mindre likt mellom dei moderne regionane Argyll and Bute og North Ayrshire og berre Ailsa Craig og Lady Isle ligg i South Ayrshire. Dei har vore kontinuerleg busette sidan yngre steinalder. Dei vart påverka av kongedømet Dál Riata frå år 500 og så innlemma i kongedømet til Kenneth I av Skottland. Dei vart angripne av vikingar tidleg i mellomalderen og så innlemma i Kongedømet Skottland på 1200-talet.
Øyane er utsette for vind og tidvatn, og her finst fleire fyr som hjelper sjøfarten i området. [3]